Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Kast Loss – Claus Sellevoll og Vidar Eldholm, fra Den Kulturelle Spaserstokk

mai 14 |10:30 - 11:15

Konsert med Claus Sellevoll og Vidar Eldholm

Vestlendingen let seg ikkje forstå om ein ikkje ser mot havet. Alt då den første vestlendingen dukka opp, var nærleiken til havet og fjordane sjølve livsvilkåret. Kjelda til liv, til samkvem, til innkome og mat på bordet. Slik er det framleis. Ja, havet skal jamvel ta vestlendingen inn i den nye tida.

“Kast loss” er ei festframsyning, der me blir tekne tilbake til ei tid då havet og fjordane var ein gåvmild ven, men også ein krevjande og somme tider stridbar nabo for alle som voks opp langs vestlandskysten. Me reiste på, arbeidde på og henta det me trong på sjøen.

I “Kast loss” kjem me tett på det frodige vestlandslynnet gjennom ord og tonar frå mellom andre Jacob Sande, Ivar Medaas, Salhuskvintetten, Kurt Foss og Reidar Bø. Like gjerne med humor som med alvor, men alltid med den same hjartevarmen. Med Vidar Eldholm bak det musikalske roret og Claus Sellevoll som verbal båtsmann er det som om ein fornemmar eimen av tang og tare, salt sjø og tjøre når vi stig om bord.

Detaljer

Dato:
mai 14
Tid
10:30 - 11:15